Me tok veien langs kysten, Highway 1, ned til Santa Barbara, fascinerande landskap.. Neste dag tok me turen til Camarillo Outlet og heile dagen gikk med til shopping på det enorme området med 160 butikkar. Når me kom tilbake til hotellet passa ikkje nøkkelen lenger, ettersom det hadde vore ein misforståelse og me hadde blitt sjekka ut etter ei natt. Heldigvis hadde dei ikkje tatt ut bagasja frå rommet, og det heile enda med at me betalte kr.200 mindre for overnatting.. Alt i alt var oppholdet i Santa Barbara bra :)
No comments:
Post a Comment