Tuesday, August 28, 2012

2.stopp Santa Cruz

Frå bergensver til sydentemperatur på to timar, forskjellen er merkbar på klimaet..og det er godt med litt varme. I dag var dagen for å hente leigebilen, me slo mynt og krone om kven som skulle få køyre først, Rune var den heldige.. En aldri so "liten" SUV møtte oss på flyplassen, automatgir, ryggekamera, skinnsete og god plass, luksus for oss golfeigera.. Santa Cruz er ein koselig liten by nærme stranda, med amusementpark i strandlinja, og ja me måtte sjølvsagt teste berg og dalbanene :) gøy!! Hovedgata har fleire små butikkar, samt mange kafear, og hyggelige folk. Byen er nok meir kjent for surfing og det faktum at det fortsatt er "inn" med hippiar her, absolutt verdt ett stopp, men ein dag er nok for oss som ikkje fell under nokon av desse kategoriene. I morgo ventar nye eventyr lenger sør :)

No comments: